Luster Allmenning
NaturreservatHøyest: Store Haugmelen · 2 topper i alt
Beskrivelse
Luster Allmenning naturreservat vart oppretta som del av arbeidet med utvida skogvern i Norge, der Stortinget har sett opp vern av statseigedom som ein hovudstrategi ved sida av frivillig vern. Luster vestre statsallmenning har lenge hatt ein plass i norsk naturvernhistorie, sidan Skogateigen naturreservat inne i området vart oppretta 6. november 1914 som det første naturreservatet i Norge. Skogateigen naturreservat dekte berre 50 dekar, og føremålet var å ta vare på ein særmerkt førekomst av naturleg granskog. Utvidinga til Luster Allmenning naturreservat, som dekkjer over 10 km2, fortel mykje om korleis naturvernet har endra seg på desse 90 åra. Medan ein den gongen verna små og spesielle, avvikande naturførekomstar, har ein i seinare år vorte sterkare oppteken av å ta vare på større, typiske område der naturen og dei naturlege prosessane kan gå sin gang. Luster Allmenning er då heller ikkje av dei områda som har størst mengd av sjeldsynte artar eller spesielle naturtypar. I staden er det lagt vekt på at området femnar om eit stort, samanhengande og veglaust skogområde, frå fjøre til fjell. Ikkje minst inneheld området store areal med låglandsskog, noko som er underrepresentert i eksisterande verneområde.
Verneformål
Bevare ei stor, skogkledd fjordside utan inngrep
Topper
1 av 1- 1Store Haugmelen972 m primærfaktor1 172 m
Lister her
Flest topper her
Ingen har logget en primærtopp her ennå.
Teller primærtopper på turer som deles med alle; profiler du ikke kan se, er utelatt.