Steinen
NaturreservatHøyest: Steinen
Beskrivelse
Verneområdet ligg på åsryggen Steinen, på sørsida av Sævareidfjorden. Berggrunnen består av harde og sure bergartar. Oppe på åsryggen er det gammal, naturprega, fuktig furuskog på grunnlendt mark i veksling med fukthei og myr. Nede i den nordvende lia er det innslag av vestnorsk regnskog. Skogen har godt innslag av gamle tre og mykje gadd, men lite læger kan tyde på hogst i eldre tid. I den sørvende lia står det rik edellauvskog m.a. med utformingane alm-lindeskog og rikt hasselkratt. Her er det svært god førekomst av oseaniske lavartar, med mange sjeldne og kravfulle artar.
Verneformål
Føremålet med naturreservatet er å ta vare på ein gamal skog med både barskog, edellauvskog og vestnorsk regnskog. Det er ei målsetting å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.
Topper
1 av 1- 1Steinen183 m primærfaktor439 m
Lister her
Flest topper her
Ingen har logget en primærtopp her ennå.
Teller primærtopper på turer som deles med alle; profiler du ikke kan se, er utelatt.