Trollstigen

Trollstigen

Landskapsvernområde
20
Primærtopper
1 786m
Høyeste punkt
0
Klatrere

Høyest: Finnan · 28 topper i alt

Beskrivelse

Landskapsvernområdet er særs variert og får stor merksemd frå tilreisande frå heile verda. Ved Trollstigvegen er det bygd eit imponerande turistanlegg. Det høgste punktet på vegen er på Alnesreset (852 m o h). Frå Stigrøra svingar Trollstigen ned i den djupe Isterdalen med dei kjende tindane: Bispen, Kongen og Dronninga. Frå Trollstigplatået kan ein gå opp til breen vest for Bispevatnet og vidare til Finnan (1786 m). I vest ruvar Høgstolen (1739 m) med den største breen i Norddal kommune på seks kvadratkilometer. Også ved Storfjellet og Finnan er det lokale brear. Gjennom dalføret har det frå gammalt av vore ferdsel over Stigfjellet til Åndalsnes, særleg til Romsdalsmarknaden. I førstninga var det ei fjellrås, så ein kløvstig, og i 1936 opna sommarvegen Trollstigen. Dessutan går mange ferdselsårer mot aust og vest. Friluftsinteressene er store. I eldre tid var det jakt på villrein frå bogestelle (sòter). Bogestelle er ein hesteskoforma steinmur som gav jegeren skjul, og har vore i bruk frå steinalderen. Det finst mange bogestelle som er spesielle ved at dei ligg på høge toppar, ofte ved stupbratte heng. Kanskje er dei frå tida med brear i dalane, og dei må då vere særs gamle. Der er mange bogestelle mellom dei to toppane på Ringshornet og ved Bispevatnet. Fangst med dyregrav var sjeldan i denne delen av Reinheimen. Ved Slettvikane, i hellinga opp mot vegen, finn vi dei vestlegaste dyregravene i desse områda. Adressa til nasjonalparkstyret si nettside er: http://www.nasjonalparkstyre.no/Reinheimen/

Verneformål

Formålet med opprettinga av Trollstigen landskapsvernområde er å ta vare på eit særprega og vakkert natur- og kulturlandskap. I dette inngår geologiske verneverdiar. Kulturminne etter fangst og beitebruk utgjer også ein vesentleg del av landskapet sin eigenart. Det er vidare eit mål å ta vare på eit samanhengande område varierande frå høgfjellet med leveområda til villreinen i Ottadalen nord til skogområda øvst i Isterdalen og Meiadalen. Etter verneformålet skal ålmenta ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv.

Topper

20 av 20
  1. Finnan921 m primærfaktor1 786 m
  2. Høgstolen631 m primærfaktor1 739 m
  3. Alnestinden204 m primærfaktor1 665 m
  4. Sjøboltinden357 m primærfaktor1 657 m
  5. Kongen458 m primærfaktor1 614 m
  6. Hesten101 m primærfaktor1 610 m
  7. Breifjellet Vest110 m primærfaktor1 573 m
  8. Remsfjellet195 m primærfaktor1 567 m
  9. Alnestinden Sørvest212 m primærfaktor1 562 m
  10. Dronninga107 m primærfaktor1 544 m
  11. Ringshornet282 m primærfaktor1 532 m
  12. Gamlestølsfjellet451 m primærfaktor1 526 m
  13. Smørbottstinden312 m primærfaktor1 518 m
  14. Gråfonnfjellet110 m primærfaktor1 475 m
  15. Kyrfonntinden194 m primærfaktor1 475 m
  16. Bjorstadfjellet252 m primærfaktor1 467 m
  17. Bispen329 m primærfaktor1 462 m
  18. Litlehornet451 m primærfaktor1 436 m
  19. Berlifjellet244 m primærfaktor1 413 m
  20. Karitinden / Haugabotntinden112 m primærfaktor1 356 m

Lister her

Flest topper her

Ingen har logget en primærtopp her ennå.

Teller primærtopper på turer som deles med alle; profiler du ikke kan se, er utelatt.