Håvikevatnet
Nature ReserveHighest: Storhaug · 3 peaks in all
Description
Håvikevatnet naturreservat ligg på austsida av Håvikevatnet, mellom Håvika i Hardangerfjorden og Lygrespollen lengst søraust i Bjørnafjorden. Det er ein del av eit større skoglandskap og har stor variasjon av natur- og vegetasjonstypar, med eldre furuskog, rik edellauvskog, rikmyr, varmekjær kjeldeskog og vestnorsk regnskogsmiljø. Området består av to delar: Eit område rundt åsryggen Storhaug - Godkovane i Kvinnherad kommune, og eit område på Hatledalsåsen i Fusa kommune. Dei to delane er skilde frå kvarandre av det smale sundet mellom Håvikevatnet og Brothølen.
Conservation purpose
Føremålet med vernet er å ta vare på truga, sjeldan og sårbar natur. Ein ønskjer å ta vare på verneverdiane i best mogleg tilstand, slik at mangfaldet av artar og livsmiljøa deira skal få utvikle seg mest mogleg naturleg.