Mørkridsdalen
Landscape Protection AreaDescription
Mørkridsdalen ligg i Luster kommune, i indre delar av Sogn og Fjordane. Dalen er om lag to mil lang og strekkjer seg frå Skjolden og oppover til Rausdalen som ligg på 1000 meters høgde. Dalen har svært bratte og dels varme fjellsider med steinurer og rasvifter. Heilt i vest ligg fjellsidene innanfor den sørboreale sona der fleire varmekjære artar som lind og alm kjem inn. Mesteparten av området elles høyrer til den mellomboreale og nordboreale vegetasjonssona. Dei indre strøka av Sogn har eit tilnærma kontinentalt klima, men lokalklimaet i Mørkridsdalen varierer mykje. Det er stor skilnad på aust og vest av dalen og i dei trongaste partia blir sommartemperaturen høg fordi fjella skjermar mot vinden. Nedbørsmengdene varierer mykje, der nedbørsfattige periodar vert avløyst av mykje nedbør og flaum. Utmarksressursane i Mørkridsdalen og i dei nærliggjande fjellområda har vore utnytta over lang tid, til stølsdrift, beiting og hausting av vinterfôr. I og med at våre kom seinare på innmarka nede i bygda enn i solhellingane oppe i Mørkridsdalen, representerte desse areala også viktige beiteareal tidleg i sesongen. Utfordringar med isgang, flaum og innmarksareal som var lite produktive gjorde utmarksressursane i Mørkridsdalen svært verdifulle. Det er mange godt vedlikehaldne stølar i Mørkridsdalen, og framleis går det beitedyr i det gamle kulturlandskapet. Det gjeld stølar både nede i dalføret i Mørkridsdalen, og dei stølane like over skoggrensa ved Åsetevatnet og i Fortunsdalen. I hovuddalen beitar både kyr og sau. Etter ein periode med nedgang i tal dyr på utmarksbeite, har talet det siste tiåret igjen auka. Det er spesielt tal sauer på utmarksbeite som har auka. Det særprega Mørkridsvassdraget med fleire fossar gjev liv til eit særleg artsrikt og mangfaldig planteliv. Drivandefossen som renn frå Åsetevatnet er den høgaste fossen i Breheimen – Mørkridsdalen, og er eit imponerande syn. Mørkridsdalen er ein U-dal skapt av innlandsisen under istida. Her er mange markerte morenar og andre avsetningar frå då breane trekte seg tilbake.
Conservation purpose
Føremålet med Mørkridsdalen landskapsvernområde er å ta vare på eit natur- og kulturlandskap med økologisk verdi, kulturell verdi og opplevingsverdi og som er identitetsskapande. Vidare er føremålet med landskapsvernområdet å: - ta vare på stølar med stølsvollar, kulturminne og naturbeitemarker - ta vare på geologiske førekomstar og breforma landskap som U-dalar, breane sine avsetningar og andre kvartærgeologiske førekomstar - ta vare på vakker og særprega vassdragsnatur, særleg knytt til Mørkridsdalselvi - ta vare på edellauvskogen med særmerkte, store og/eller gamle dekorative levande og daude tre, førekomstar av gamal furuskog og rasmarker som pregar landskapet Ålmenta skal ha høve til natur- og landskapsoppleving gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging.