Romsdalen

Romsdalen

Landscape Protection Area
2
Prominent peaks
1,573m
Highest point
0
Climbers

Highest: Alterhøa · 6 peaks in all

Description

Romsdalen landskapsvernområde omfattar både Romsdalen og dei to fjelldalane Brøstdalen og Vermedalen. Fjella i Brøstdalen og Vermedalen består av gneis og granitt. Nokre av dei er både bratte og høge, men her er vi i overgangen til austnorske fjellformasjonar, så topografi en er nokså ulik resten av verneområdet. På Kabben i Brøstdalen er det framleis aktiv seterdrift, mens sau og storfe beiter i fjell og dal. Som eitt av svært få område i Noreg huser dalane alle dei fire hjortedyra våre året rundt. Frå Brøstdalen fører merka ruter inn i Reinheimen, og avstanden til dei nærmaste turisthyttene er nokså kort. Romsdalen består stort sett av bratte og lite tilgjengelege lier og fjell. Unntaket er ein del mindre, flate belte langs Rauma elv. På austsida av elva ligg Flatmark og Skiri, dei einaste aktivt drivne gardsbruka i verneområdet. På strekninga Foss–Nordre Flatmark (ca. 5 km) finn vi det rolegaste partiet av Rauma elv. Det knyter seg mykje historie til Romsdalen. Mellom anna blei det frå midten av 1800-talet og i om lag 100 år drive skysstasjon og seinare vertshus på Søre Flatmark. Frå oppstarting, før vegen oppover dalen var offisielt opna, huste stasjonen i stor grad engelske lakselordar. Sett med dagens auge, no som fisket er kraftig redusert, var fangstane i Rauma den gongen eventyrlege. På Nordre Flatmark låg Kors kyrkje, som i 1902 blei flytt lenger nedover Romsdalen, dit ho står no. Her finst det òg ei gravplate til minne om «Kabbinj» og familien og tenarane hans, som omkom i eit stort snøras på Kabben i Brøstdalen i 1816. Adressa til nasjonalparkstyret si nettside er: http://www.nasjonalparkstyre.no/Reinheimen/

Conservation purpose

Formålet med opprettinga av Romsdalen landskapsvernområde er å ta vare på eit særprega og vakkert natur- og kulturlandskap med det biologiske mangfaldet som pregar landskapet. Ein del av verneområdet har verdi som leveområde til villreinen i Ottadalen. Området har også geologiske verneverdiar og dei bratte fjellsidene mot Romsdalen utgjer eit særprega landskapselement. Etter verneformålet skal ålmenta ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv.

Peaks

2 of 2
  1. Alterhøa572 m prominence1,573 m
  2. Vermetinden255 m prominence1,477 m

Lists here

Top climbers

Nobody has logged a prominent peak here yet. Be the first.

Counts prominent peaks on trips shared with everyone; profiles you can't see are left out.