Hopavassdraget
Nature ReserveHighest: Vetta · 4 peaks in all
Description
Landskapet langs vassdraget er, som store delar av Smølanaturen, prega dels av store myrflater, dels av hei og bergryggar. Langs austre del av vassdraget er to av myrkompleksa klassifiserte som myrbotanisk viktige og verdifulle, og desse områda er samstundes viktige for våtmarksfugl, først og fremst vadefuglar. Dei viktigaste, ornitologiske interessene knyter seg likevel til sjølve vassdraget med forgreiningar. Dette er gjennomgåande frodige, vegetasjonsrike vassdrag og elvestrekningar som tener som hekkelokalitetar for ei rekkje andeartar, fleire av dei svært kravfulle. Avrenning frå jordbruksareal har hatt positiv verknad spesifikt for fleire av desse artene, men avrenninga er totalt sett ikkje positiv. I tillegg er dette også viktige beiteplassar for ender og svaner i trekktidene og i isfrie periodar vinterstid. For beitande fugl er det mengde og kvalitet av planteproduksjon som er viktig, men vassdraget gjev og vilkår for kravfulle planteartar, og ferskvassbotanikken i dette området inneheld såleis fleire sjeldne planter. Vassdraget er dessutan fiskerikt og gjev grunnlag både for sportsfiske og for fiskeetande dyreartar som oter. (Fylkesmannen i Møre og Romsdal, fagrapport 6/1998). Hopavassdraget er vesentleg påverka i øvre deler av nedbørsfeltet frå oppdyrkings-prosjektene på Frostadheia, og er tydeleg påverka av landbruksforureining i fleire bekkar og vatn. Dette har påverka artsutvalet og gitt næringskrevande artar som takrør, amerikamjølke og andemat og til dels sjeldne vannplanter som kjempepiggknopp. (Gaarder G., Jordal J.B. 2000:3)
Conservation purpose
Våtmark. Hekke-, trekk- og overvintringsområde