Tafjorden-Reindalen

Tafjorden-Reindalen

Landscape Protection Area
1
Prominent peak
1,484m
Highest point
0
Climbers

Highest: Høghornet, heimste · 4 peaks in all

Description

Verneområdet er eit dramatisk og særmerkt landskap med karakteristisk geologi, flora og fauna med sjeldne artar. Frå fjordbotnen i denne austlegaste Sunnmørsbygda går ein dal vidare austover til Onilsavatnet. Her deler han seg i Rødalen og Kaldhusdalen, som begge er utgangspunkt for flotte turruter i Tafjordfjella. Aust for bygda ligg Jimdalen med dramatiske landskapsformer og ein uvanleg frodig skog- og plantevekst. Her har det gått fleire store fjellskred opp gjennom historia, og det siste – i 1992 – var så stort at det la seg steinstøv over heile Tafjord. På grunn av den store rasfaren er det ikkje tilrådeleg å opphalde seg i dalen. I hjartet av Tafjordfjella ligg Reindalen, ein frodig, skogkledd fjelldal som i eldre tider var ei viktig ferdselsåre og i dag er eit flott utgangspunkt for fotturar i Tafjordfjella. Her ligg også Reindalseter turisthytte som er eit midtpunkt for fotturar i Tafjordfjella. Skogen i Reindalen har frå gammalt av vore nytta til ei storstilt sagbruksdrift og tjørebrenning. Det finst att to gamle sirkelsager som nå er restaurerte. Verneområdet grenser til Muldalslia naturreservat. Adressa til nasjonalparkstyret si nettside er: http://www.nasjonalparkstyre.no/Reinheimen/

Conservation purpose

Formålet med opprettinga av Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde er å ta vare på eit særprega og vakkert natur- og kulturlandskap. Sentralt i vernet er omsynet til villreinen. Andre viktige interesser er dei rike lauvskogliene langs Tafjorden samt geologiske førekomstar og landskapsformer. Etter verneformålet skal ålmenta ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv.

Peaks

1 of 1
  1. Breinausa233 m prominence1,433 m

Lists here

Top climbers

Nobody has logged a prominent peak here yet. Be the first.

Counts prominent peaks on trips shared with everyone; profiles you can't see are left out.