Fimreiteåsen

Fimreiteåsen

Nature Reserve
1
Prominent peak
768m
Highest point
0
Climbers

Highest: Bjørnstigfjell

Description

Fimreiteåsen naturreservat ligg ytst på Fimreitehalvøya (halvøya mellom Sogndalsfjorden og Sognefjorden) og femnar om delar av både platået på toppen og lisidene ned til fjorden på fleire sider. Grunnen i området er fattig og består av anorthositt og lys gneis.

Conservation purpose

Føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit stort, samanhengande naturområde frå fjord til fjellskog som er av særleg verdi for biologisk mangfald, og som inneheld sjeldsynte og truga artar. Målet er å ta vare på dette i mest mogleg urørt tilstand, med heile spekteret av verdfulle naturtypar for mange grupper av plantar, sopp og dyr, og som referanseområde for naturskog i naturleg foryngingsdynamikk. Av særskilde kvalitetar er både gammal furuskog og det store omfanget av boreal lauvskog, ikkje minst med grove ospetre, og stort artsmangfald både av hakkespettar og regionalt uvanlege fugleartar knytte til gammalskog. I tillegg kjem verdfulle førekomstar av edellauvskog, og mange sjeldsynte artar av sopp og lav knytte til ulike treslag og livsmiljø.

Peaks

1 of 1
  1. Bjørnstigfjell246 m prominence768 m

Lists here

Top climbers

Nobody has logged a prominent peak here yet. Be the first.

Counts prominent peaks on trips shared with everyone; profiles you can't see are left out.