Kjeøy
Nature ReserveDescription
Verneformål
Føremålet med fredninga er å bevara ein viktig sjøfugllokalitet med dei plantesamfunn og dyreartar som naturleg er knytte til området, særleg ut frå omsynet til sjøfuglane og deira hekkeplassar. Generelt Kjeøy kallast gjerne Hidlekjeøy, og ligg i Hidlefjorden. Holmen er graskledd og blir beita av sau. Delar av holmen er ein morenerygg.
Fauna Den styste kolonien med hekkande sildemåke i Ryfylket. Forutan sildemåke, hekkar det gråmåke, fiskemåke, svartbak, ærfugl og av og til terner. Det høgste talet på hekkande sildemåker var i år 2000, då det vart registrert 1225 reir. Ellers har talet på hekkande sildemåker vært kring 750-1000 par. Det kan virka som om hekkebestanden på Horgje og Hidlekjeøy er felles, og at artane vekslar mellom dei to holmane. Av gråmåke finn ein nå (siste registrering i 2005) omkring 30 par og mindre enn 10 par fiskemåke. Fram til 1990 hekka det over 100 par fiskemåke på øya. Hekkebestanden av ærfugl ligg omkring 5-10 par. Hidlekjeøy og sjøområdet rundt er eit viktig raste- og overvintringsområde for ein rekke sjøfuglartar. Det strekk det seg eit større gruntvannsområde frå Hidlekjeøy og langs heile nordsida av Åmøy som er eit viktig overvintringsområde for dykkender, lom og dykkarar.
Kjende truslar, omsyn og skjøtsel Skrinn vegetasjon i hele området, og det beiter sau på holmen (2005). Ingen kjende truslar.
Ferdsel
Ilandstiging og ferdsel i ei 50 m sjøsone frå land er forbode i tida 15.april til 1. august. Elles i året skal ferdselen gå føre seg slik at dyre- og plantelivet blir minst mogleg uroa eller skadd. Området er derfor ikkje eigna til- eller tilrettelagt for friluftsliv.
Conservation purpose
En viktig sjøfugllokalitet, plante- og dyrelivet.