Fugldalen

Fugldalen

Nature Reserve
1
Prominent peak
1,099m
Highest point
0
Climbers

Highest: Nussfjøddnipa

Description

Området ligg inn for Kleivgrend i Fyresdal kommune, om lag 15 km nordvest for nordenden av Fyresvatn, og går heilt opp mot grensa til Valle kommune i Aust-Agder. Området inneheld i hovudsak varierte skog og heiområde der vatnet i nedslagsfeltet renn austover til Øysævatn, i fyrste rekke gjennom Fugldalen og Gilbergdalen. Landskapet er prega av store og små dalar med små og store myrar, mellom til dels markerte fjelltoppar og nutar. Markerte austvendte bergflog finst til dømes i Vegberg i Gilbergdalen og ved Himmelkvævristene sør i området. Nokre mindre kløfter og fossefall finst, men området kan ikkje seiast å ha svært dramatisk topografi. Listaulfurua naturminne (også kalt Ørnekråheia) freda ved kgl. res av 5. mars 1918 ble oppheva ved vern av Fugldalen naturreservat.

Conservation purpose

Føremålet med naturreservatet er å taka vare på eit stort og samanhengande område med lite påverka og urørd barskog. Området har ein særskilt pedagogisk og vitskapleg verdi som eit representativt høgareliggande nordborealt skog- og heiområde i Vest-Telemark / Setesdalsregionen Området er dominert av fattig barskog, dels i mellomboreal men hovudsakleg i nordboreal sone. Det finst rikare sørberg og område med rasmark med element av lågurtgranskog, rik boreal lauvskog og opne parti med rasmark med lågurt- og høgstaudeflora opp mot 900 m. Kjernepartia inneheld særs gamal grovvoksen og urørd blåbærgranskog. Einskilde stadar finst innslag av stor gamal gadd av furu og mykje læger av bjørk.

Peaks

1 of 1
  1. Nussfjøddnipa194 m prominence1,099 m

Lists here

Top climbers

Nobody has logged a prominent peak here yet. Be the first.

Counts prominent peaks on trips shared with everyone; profiles you can't see are left out.