Midt-Smøla

Midt-Smøla

Nature Reserve
0
Prominent peaks
44m
Highest point
0
Climbers

Highest: Rambergtua · 9 peaks in all

Description

Svære myrflater og myrkompleks. Svært store deler av landskapet vil kunne klassifiserast som myr, dels svært djup myr slik det er mest utprega på Toppmyra, Kjysvassmyra, Kvitmjølsokna, Holmsvassmyra, Røkmyrane og Jøstølmyra. Dels er det og grunnlendt myr med overgang til fukthei. Myrbotanisk omfattar dette eit breitt spekter av ulike myrtypar, både med tanke på topografisk utforming og plassering, opphav og næringsnivå. Etter ei botanisk klassifisering er dette noko av dei mest karakteristiske kystmyrane, men og noko av dei mest særmerkte myrområda som finst i vårt land, dels og i verdsmålestokk. Samstundes har desse myrane ein fuglefauna som og er særprega, først og fremst med nokre få vadefuglartar som karaktergjevande, så som myrsnipe og småspove. For desse artane har området vore vurdert å ha noko av dei tettaste bestandane i vårt land. Vassdrag med vatn langs sjølve vassdragsstrengen, men med tjern og pyttar spreidd innover i myrterrenget. Dei fleste større vatna er relativt vegetasjonsfattige, men her er og ei rekkje vatn med frodig vegetasjon og sivbelte, med gode beitevilkår for våtmarksfugl som ender, svaner og grågås, for ender og gås. Vassdraga er fiskerike, og ved sida av å vere attraktive sportsfiskevatn gjev det og livsgrunnlag for fiskeetande artar som storlom og oter. For førstnemnde art er dette det viktigaste hekkeområdet i Møre og Romsdal. Smålomen hekkar og i området, men nyttar små myrtjønner og dammar, medan han hentar all maten i sjøen. Heiområda, dels fattige bergrabbar med mose og lav, dels lyng- og bjønnskjegghei, men i sørlege del også kalkrabbar med frodig og kravfull vegetasjon i plantesamfunn som er sjeldne både i distriktet og i landet. Dette landskapet har og sine karakteristiske fugleartar, først og fremst med heiloen som den karaktergjevande, men og med ein fuglefauna som vanlegvis er å finne i fjellviddeterreng. Den lokale varianten av lirypa, smølalirypa, kan enkelte år vere relativt talrik og er saman med haren den viktigaste, jaktbare småviltarten utanom grågås. Naturfagleg er dette landskapet noko av det mest særprega på Smøla og er dermed og noko av det mest spesielle av kystnatur som finst i Noreg. Dette går både på landskapet og landskapsformene i seg sjølv, og det går på artsutval og samfunn av planter, fugl og dyr. Likevel er særpreget i naturen først og fremst knytt til plantelivet og fuglelivet, og berre ut frå sin eigenart merkar dette område seg ut i nasjonal og internasjonal samanheng. (Fylkesmannen i Møre og Romsdal, fagrapport 6/1998).

Conservation purpose

Høgmyr, kystlynghei og hekke-/overvintringsområde

Peaks

No prominent peaks
None of the 9 peaks here has 100 m of prominence.

Lists here