Grånosmyrane

Grånosmyrane

Nature Reserve
0
Prominent peaks
1,013m
Highest point
0
Climbers

Description

Naturreservat - våtmark. Grånåsmyrane er ein mosaikkprega våtmarkslokalitet karakterisert ved gras, lynghei, starrmyr, vier, grunne basseng og elver. Nede på sjølve myra hekkar mellom anna lappsporv og blåstrupe. Lappsporven er sirkumpolart utbreidtt, og samman med snøsporv, den mest arktiske av sporvefuglane. Bestanden på Grånosmyrane tilhøyrer absolutt dei sørvestligaste i kontinental Europa. Noko opp i dalsida hekkar fjæreplytt, boltitt, heilo og fjellrype. Myrsnipe hekkar sesongvis. Lokaliteten representerer einaste hekkefunn av lappspurv i fylket forutan Hardangervidda. At området er ein hekkeplass for jordugle i gode smågnagerår er interessant. Det er kjent få hekkeplassar av denne arten i Hordaland. Ein tett bestand av heilo, ein god bestand av rødstilk, førekomst og vestgrense for myrsnipe samt ein regulær bestand av fjæreplytt og boltit er også med på å høye området sin eigenverdi.

Conservation purpose

Grånosmyrane naturreservat er eit fjell- og våtmarksområde med hekkefunksjon for eit rikt og sårbart fugleliv.

Peaks

No prominent peaks
The 1 peak here has less than 100 m of prominence.

Lists here