Mulvikknuken

Mulvikknuken

Nature Reserve
1
Prominent peak
628m
Highest point
0
Climbers

Highest: Mulvikknuken

Description

Mulvikknuken naturreservat ligg i midtre fjordstrøk på Nordmøre, på sørvestsida av Ålvundfjorden, aust for Sørlinebba og Torsknyken. Reservatet omfattar sjølve Mulvikknuken (629 moh.), eit lite landemerke mellom Sunndalsfjorden og Surnadalsfjroden. Dette er ein ganske frittståande topp med bratte fjellsider mot nord, aust og sør, og med ein litt slakare rygg vestover mot Åsprongtjønna. Vidare frå Åsprongmyrane strekkjer naturreservatet seg gjennom Durmålhaugen og ned mot fjorden søraust for Sandvika Til dels er det innslag av rasmark, bergveggar og vanskeleg frabart terreng mot nordaust. Sørvest for Mulvikknuken strekkjer naturreservatet seg ned i ei open gryte mellom Mulvikknuken og Sørlinebba (625 moh.), der reservatgrensa går langs kanten på platået til Åsprongtjørna. Vidare sørvestover inkluderar lokaliteten fjellsida aust for Sørlinebba, frå sjølve toppen og eit stykke ned i dalen. Her er terrenget meir slakt, der berghamre i liten grad førekjem. Bortsett frå nokre små bekkar i lia mellom Mulvikknuken og Sørlinebba så manglar området ferskvassmiljø. Berggrunnen i området består av gneisbergartar (Tveten mfl. 1998), som ofte gir grunnlag for lite kalkkrevjande, nøysam vegetasjon. Det gjeld også stort sett her, og berre lokalt er det funne litt kalkkrevjande planter i lia under Sørlinebba. Den frodige vegetasjonen på austsida av Mulvikknuken skyldes truleg i all hovudsak topografien med innslag av rasmark, og ikkje berggrunnen. Nedre delar av området ligg i sørboreal sone. Over ca 200 moh reknast området til mellomboreal sone, over 4-500 moh nordboreal sone, medan fjelltoppane (Mulvikknuken over 600 m oh og Sørlinebba over vel 500 m oh) ligg i lågalpin sone. Nokre parti på sørsida av Mulvikknuken (rundt 400 m.o.h.) har fleire sørboreale trekk i floraen.

Conservation purpose

Føremålet med naturreservatet er å verne eit stort og variert skogsområde som inneheld trua og sjeldan natur og ein bestemt type natur i form av gamal furuskog, dels også gammal lauvskog, og med førekomst av sjeldne arter. Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i mest mogeleg urørt tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.

Peaks

1 of 1
  1. Mulvikknuken262 m prominence628 m

Lists here

Top climbers

Nobody has logged a prominent peak here yet. Be the first.

Counts prominent peaks on trips shared with everyone; profiles you can't see are left out.