Frønningen

Frønningen

Nature Reserve
0
Prominent peaks
1,178m
Highest point
0
Climbers

Description

Frønningen ligg i ei nordvendt li i slakt hellande terreng i den vestlegaste delen av Lærdal kommune, på sørsida av Sognefjorden. Naturreservatet grensar i aust mot Bleia naturreservat, og i sør/søraust mot Bleia-Storebotn landskapsvernområde. Arealet går frå om lag 200 til over 1000 meter over havet. Området er uvanleg stort i skogvernsamanheng. Den dominerande naturtypen er gamal furuskog, men det er også innslag av bjørk og andre nordlege lauvtre. Skogen er dominert av storvaksne, grove furutre, og det er gjennomgåande mykje daud ved i alle nedbrytingsstadium. Det er registrert brannspor på dei eldste furuene i verneområdet. Desse finst særleg i dei høgareliggjande partia, og dendrokronologiske data av daud ved viser at enkelttre har vore i vekst allereie på 1100-talet. Også bjørketrea syner høg alder.

Conservation purpose

Føremålet med vernet er å ta vare på eit område som representerer eit stort og samanhengande skoglandskap med furuskog i alle stadium, med mange gamle og store tre og daud ved. Det er eit føremål å ta vare på verneverdiane i best mogleg tilstand, og at mangfaldet av artar og livsmiljøa deira skal få utvikle seg naturleg.

Peaks

No prominent peaks
None of the 4 peaks here has 100 m of prominence.

Lists here